Åstkjørkja
Åstkjørkja

Alteret vart vigsla i sur vind.

Nærare 70 stykker, inkludert biskopen, presten og gamlepresten (Nils Erlimo), trossa ver og vermelding sundag 26.juli for å ta del i vigslinga av det nye fjellalteret på Åstkjørkja.
Øyvind prest og biskop Solveig forretta, med hjelp av Kari kantor og skriftlesarene Bjørg Rindal, Ann-Karin Hongshagen og Lukas Gillebo (hytteeigarar i nærområdet). Morten kyrkjetenar hadde teke med klokka til fjells og drog det heile i gang med ringing.
Etter messa orienterte Håkon Tande om historikken til navnet, noko som det kan lesast meir om i neste nummer av Klokkeklang.
Før kaffen kom fram, var det ein fortjent takk til dei som hadde ordna det praktiske med å få alteret til, nemleg Arne Mæhlum og Egil Rindal, korset var det Håkon Tande og Helge Nysted som hadde fått til, og dei fem korsa på alteret var tegna av Borgny Svalastog og sandblåse og måla av Kjell Sletten.